Om oss

Historien:

Historien om lastebilfirmaet på Hatlestrand går heilt tilbake til 1935 då Kristian Stølen fekk tak i sin første bil, ein Chevrolet. Denne vart sendt med båt til Vikane, og så køyrd videre til Hatlestrand. Allereie første kvelden vart bilen gjort om til passasjerbil med benkar på lasteplanet. Neste dag gjekk den til Ølve på stevne med planet fullt av passasjerar. 

Seinare fekk han tak i den første personbilen på Hatlestrand. Denne vart brukt som drosje, men vart under krigen ståande grunna drivstoffmangel, og vart til slutt solgt. Etter dette hadde han fleire bilar inkludert ein Fargo og ein Ford Thames. Den første kranbilen vart tatt i bruk i 1962, og i 1965 fekk han ansvaret for å frakte melka til meieriet på Mundheim. Audun Netland køyrde denne ruta i mange år for Kristian. Då meieriet vart lagt ned på Mundheim, vart melka køyrd til Bergen med Mercedes med lasteplan fram til tankbilane vart satt i drift i 1975. 

Lars Ekeland arbeidde fyrst for Hardanger Sunhordalandske Dampskipselskap som bussjåfør, men gjekk etter kvart over til å arbeide for svigerfar, Kristian som lastebilsjåfør. Ein Volvo vart kjøpt inn frå Sverige, og vart satt i arbeid ved bygging av vegen til Mauranger der det skulle bli kraftutbygging.  

I dag er det Kjell Aage Ekeland som driv firmaet med over ti ansatte, der transport, graving og løftearbeid er ein stor del av arbeidsoppgåvene.

Scroll to Top